Fått fellingsløyve på ulv – trur den blir vanskeleg å finne

Annonse

Etter funn av fleire sauekadaver har Statens Naturoppsyn gitt fellingsløyve på ein ulv i Ytre Sogn.

Ytre sogn: Fleire drepne sauer gjer at det no er gitt fellingsløyve for ein ulv i Høyanger, Hyllestad og Fjaler, skriv NRK sogn og fjordane.

I Ytre Sogn er det funne stadig fleire sauekadaver, og Statens naturoppsyn(SNO) stadfesta at det er ulven som har vore på ferde og at det truleg er den same ulven som har gjort skade i området før. Men dei trur sjansen for å finne rovdyret er svært liten. 

– Dersom ulven har vore der ute over tid, så har han også lært seg til å kjenne området veldig godt. Han er veldig sky for folk og han har veldig god kontroll. Han er nok vanskeleg i å kome i posisjon til å få ei god felling på, seier rovviltansvarleg i SNO, Rein Arne Golf til NRK.

Det er ikkje slik at alle hjortejegarar med jaktrifle kan delta i ulvejakta, ein må vere oppført på ei liste, men dei ber også andre som ferdast i fjellet om å sjå etter ekskrement, hår og spor, skriv NRK.


No har Statens naturoppsyn gitt fellingsløyve på ein ulv etter fleire funn på sauekadaver i Ytre Sogn.

Hentet fra: porten.no

 

Annonse