Henta ut og skaut historisk jervekull på Vestlandet

Annonse

Det som truleg var det første jervekullet på Sør-Vestlandet på mange tiår, blei natt til sundag skote i Suldal kommune i Rogaland.

Jervetispa blei tilfeldig oppdaga under eit anna oppdrag 20. april. Då felte jegerar frå Statens naturoppsyn ein hannjerv som skal ha gjort skade på beitedyr i Suldal og Røldal dei siste åra.

Bedøvde tispa og spora henne

I terrenget i Bykle i Aust-Agder kom jegerar over ei tispe. Dei oppdaga at ho produserte mjølk, og festa difor ein radiosendar på henne. Signalet flytta seg vestover, til eit lite tilgjengeleg område i Suldal.


FOTO: STATENS NATUROPPSYN

Les mer her (NrK)

Annonse