Ingen felte villrein med skrantesjuke

Annonse

Blant dei vel 4.100 villreinane som blei felt under villreinjakta i år er det ikkje påvist skrantesjuke hos nokon av dyra. Styresmaktene meiner likevel det er for tidleg å friskmelda bestandane.

I samband med villreinjakta har det vore knytt stor spenning til om det ville bli avdekt fleire tilfelle av den frykta sjukdommen. Det har mellom anna vore eit krav at jegerane måtte senda inn prøvar til analyse for all villrein over eitt år.

Miljødirektoratet fortel at jegerane har vore flinke til å senda inn prøvar til Veterinærinstituttet, men at det likevel trengst fleire prøvar før ein kan friskmelde bestandane. Særleg hastar det med å få inn fleire prøvar frå naboområda til områda der det er påvist villrein med skrantesjuke, heiter det.


Sjølv om det ikkje er påvist skrantesjuke under villreinjakta i år, meiner Miljødirektoratet det trengst fleire prøvar før bestanden kan friskmeldast. Arkivfoto: Helge Hansen / NTB scanpix / NPK

Les mer om saken her (nationen)

Annonse