No skal jegerane i Bremanger og Flora kursast i skrantesjuke

Annonse

I neste veke blir det halde kurs for alle som skal jakte hjort, og målet er å gjere jegerane til forskarane sine gode hjelparar i kampen mot den frykta sjukdomen CWD.

Det er Miljødirektoratet som har pålagt kommunane å halde kurs for jegerane i temaet Cronic Wasting Desease (CWD) før årets hjortejakt tek til. Målet er å få samla inn prøvar frå samtlege vaksne dyr som blir felt i løpet av hausten.

Det første møtet blir i Florø (samfunnshuset) måndag 27. august.


MÅ LÆRE SEG TEKNIKKEN: Det blir stillt stadig større krav til norske storviltjegerar når det gjeld å vere forskingas hjelparar ute i felten. Her ser du prøvetaking for skrantesjuke (cwd) på elg i Sogn, hausten 2017. No skal jegerane i Flora og Bremanger kursast i det same. Foto: Svend Arne Vee

Les mer om saken her (Firdaposten)

Annonse