Talet på rovdyrskadar er på det høgaste sidan 2014

Annonse

1.144 sau og lam har dokumentert blitt rovdyrskadd i år, viser tal Nationen har henta frå Miljødirektoratets oversyn Rovbase. talet i fjor var på 1.089.
Ulv står for nesten halvparten – 48 prosent – av skadane. Deretter følgjer bjørn, som står for 27 prosent. Gaupe står for rundt elleve prosent, jerv for om lag ni prosent og kongeørn fór rundt fem prosent.
Einar Frogner, styremedlem i Noregs Bondelag, seier det er vanskeleg å dokumentere skadar.
– Vi veit samtidig at det er store mørketal, det har vi gode data for gjennom mange år. Spesielt vanskeleg er det å dokumentere skadar etter ørn og jerv. I tillegg er det mange dyr som beiter i terreng der det vanskeleg å dokumentere skadar, seier Frogner til avisa.
(©NPK)

1.144 sau og lam blei dokumentert rovdyrskadd i år, viser tal frå Rovdata. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix.

Fra: NRK

Annonse