Titusenvis av reinsdyr står i fare for å svelte i hel på Finnmarksvidda – no er tidenes redningsaksjon i gang

Annonse

Fem helikopter prøvar no å redde reinsdyra med 250 tonn fôr i det som er den mest alvorlege beitekrisa i nyare tid.

Tonnevis av mat blir floge inn på vidda for å unngå ein sveltekatastrofe. Dei fem helikoptera fraktar mat til reinflokkane som er langt unna vegnettet.

Dei store mengdene hardpakka snø har ført til ei beitekrise ein ikkje har sett maken til. Den har no vart i fleire månadar, og regjeringa har anslått at så mykje som 160.000 rein i Noreg kan kome til å døy av svolt i år.

– Dette er den største nødoperasjonen me har hatt, og den mest alvorlege beitekrisa i nyare tid, seier reindriftsdirektør Sunna Marie Pentha hjå Fylkesmannen i Troms og Finnmark til NRK Troms og Finnmark.

Aksjonen har vore i drift sidan fredag, og pilotane arbeider på skift i helikoptera som kontinuerleg flyg med fôr til dyra.

– Situasjonen har vore veldig prekær. No er me veldig glade for den hjelpa me får, seier reineigar Nils Peder Gaup.

Han fortel at det han fryktar aller mest er at drektige simler skal miste reinkalvane sine fordi dyra har fått for lite mat.


250 tonn fôr blir denne veka floge ut til reinsdyra som står i fare for å svelte i hel på Finnmarksvidda. Arkivfoto: Bente Haarstad

Les hele saken på Nationen

Annonse