Våren kom for seint for hjorten som døyr av svolt

Annonse

Mengder hjort døyr på brutalt vis. Fleire stadar på Vestlandet finn folk denne våren hjort som har svelte i hel. Årsaka er den lange og snørike vinteren.

Ved Norsk Hjortesenter fryktar leiar Johan Trygve Solheim at så mykje som 10 000 hjort døyr av svolt i år.

– Vi snakkar om tusenvis, kanskje 10 000. Det er vondt å sjå at så mange dyr lir. Det er ein del av naturen, men også noko å tenke på når det gjeld menneska si forvalting av stammen.

Desperate hjortar går laus på foret til bøndene

Krisa gjer at bønder får store flokkar med nær ihelsvoltne hjortar inn på bøane. I Stryn har bøndene i Kirkeeide samdrift aldri før sett så mykje hjort.


Det grøne graset kom for seint for denne hjorten i Fjærland.
FOTO: ENDRE DISTAD

Les mer om saken her: Nrk

Annonse