«No skal det jaggu bli godt med kaffi», seier eg høgt for meg sjølv. Nøgd plystrar eg ei Johnny Cash-strofe, trampar gjennom einerkrattet med vinden i ræva, då hjorten sprett opp 30 meter unna og tar ut i trav.

Dei tre neste sekunda går på autopilot: Johnny Cash blir erstatta av tre høglydte «HEI!». Rifla er komen først ned av skuldra, deretter inn i skuldra og eg er i kneståande med korset i dyret. På det tredje ropet stoppar fjorkolla – stikk i strid med all jegerteori, sidan det var eg sjølv som støkte dyret.