Siden har Tommy levd et fangst- og jaktliv omgitt av isbjørner, mørke store deler av året og ekstremvær. Et liv som gir 43-åringen den frihet han verdsetter så høyt, konstante natur-og jaktopplevelser og muligheten til å leve i pakt med naturen.

De fleste frilufts- og jaktinteresserte nordmenn nøyer seg med noen ukers jakt på fastlandet, de ivrigste stikker av sted til det store utland for noen eventyrlige dager i eksotiske omgivelser. Vel vitende om at veien hjem med alle praktiske og komfortable innretninger kun er en bil- eller flytur av gårde. Fra sofaen koser de fleste seg med tv-serier fra ødemarka  som ”Alaskan Frontier” og ”Yukon men”, ispedd litt action fra Bear Grylls og likesinnede eventyrere. På TV er alt så farlig, så halsbrekkende, så slitsomt, så voldsomt. I hvert fall ønsker produsentene at vi skal tro det. Kjenner Tommy seg igjen i TV-skildringene?

Annonse

-Av det eg har sett av slike program meinar eg ting blir sett på spissen, nesten alt dei foretek seg der borte er visst farlig og ekstremt. Eg kan berre snakka for meg sjølv, men dette livet er ikkje nødvendigvis så ekstremt. Det spørs kva du gjer det til sjølv. At det kan vera kaldt og slitsomt kjem ein ikkje utanom. Og skal du få eit godt resultat gjennom eit år, ligg det utruleg mykje arbeid bak. Så du må jobba på heile tida, om du vil ha det som eit levebrød. Og ensomt er det utan tvil. Det spørs berre om du kan leva med denne ensomheten.

ISBJØRNFRYKT: I løpet av 10 år på Svalbard har Tommy hatt mange nærmøter med isbjørn. Bare 3-4 av disse har vært farlige.

Her på Svalbard har du også isbjørnen rundt deg heile tida. Til tider kan den vera vanskelig å ha med å gjera, men det må du leva med. I løpet av mine 10 år som aktiv fangstmann har det blitt mange nærmøter med isbjørn. Men berre 3-4 av desse har vore farlige. Min erfaring er at gamle hanbjørnar potensielt er farligare enn binner og yngre dyr. Yngre dyr i dårlig kondisjon kan absolutt vera innpåslitne, men likevel ikkje så tøffe som ein gamal hanbjørn.

Elles er kvalrossen eit anna dyr eg har stor respekt for her oppe. Ein gong skulle eg ro over ei bukt. Det var lille julaften 2007. Det var mørkt som i grava og stille snøver. Då eg var komen midt på bukta steig ein kvalross opp frå djupet om lag 1 meter frå båten. Ingen pust eller lyd, den berre steig nærmast lydlaust høgt opp og stod der og stirra på meg eit par sekunder. Den kunne med letthet ha kantra jollen, men forsvant heldigvis i djupet. Kvalrossen er som bjørnen ofte nysgjerrig men også innpåsliten om den luktar blod og spekk. Den er langt større enn ein isbjørn og eg har opplevd forskjellig med den. Eg vil heller møta ein bjørn på land enn ein kvalross i sjøen.

Dei andre naturelementa som røff sjø, lumsk sjøis, snøskred og surt ver høyrer med. Det handlar om respekt og det å vita kor grensene går.

”TOMMY GIFTPIL”

For de fleste friluftsinteresserte er Røldal synonymt med ski. Stedet er ett av de mest snøsikre stedene i Norge med snødybde mellom to og fire meter. For klatreinteresserte er stedet et eldorado med sine 50 topper over 1000 meter. Det er også flere mindre breer i Røldal, med Breifonn som den mest kjente. For de 500 fastboende og titusener av tilreisende gjennom året byr den avsidesliggende fjellbygda i Odda kommune i Hordaland på en unik natur og innfallsport til mektige Hardangervidda.

Det var da også nærheten til de gode villreinområdene i etterkant av siste isttid, som gjorde at de første menneskene søkte seg dit. Det er funnet fornminner helt tilbake til bronsealderen. Kanskje ikke så rart at en ung røldøling gjorde som sine forfedre og vendte blikket mot det eventyrlige landskapet omkring seg i jakten på spenning og etter hvert et levebrød?

EVENTYRLIG LANDSKAP: På jakt etter reinsdyr som er livsviktig vilt for Tommy. I beltet henger Rugeren, kaliber 44, i tilfelle møte med isbjørn.

-Mykje ligg nok i blodet, det er mange jegrar i mi slekt. Eg heldt på med feller, snarer og skyteinnretningar frå eg var temmelig liten, levde i ein eigen fantasiverden. Om det kan kallast jakt så skaut eg fuglar som trost og anna allerede frå 8-9 års alderen, med sprettert eller pil og bue. Ei jente i Røldal kalla meg visst for Tommy giftpil. Så vart det luftgevær og eg skaut vel på meir enn eg burde. Sjølv om det ikkje var etter reglementet fekk eg av og til lov å bruke hagla til gofa (bestefar) frå eg var 12. 

Eg kunne meir om våpen og sikkerhet allerede då enn mange vaksne i dag, det var streng opplæring av særlig min far. Så eg vil ikkje kalla det uforsvarlig. Så vart eg gradvis påvirka av miljøet i bygda Røldal der eg vaks opp i 1970 og 80-åra. Slik sett var min gofa i ei særstilling. Eg var med han på jakt frå 7 års alderen. Han, men også fleire av dei andre eldre jegrane i Røldal på den tida var genuint interesserte i særlig jakt på rev. Dei var vel meir opptekne av det enn kona si. Eg gløymer aldri turane med gofa og gløden hans.

REVEJEGEREN: Som fangstmann er Tommy opptatt av å høste av naturens overskudd. I et år med lite rev sparer han revene. Slik er det i naturen, bestandene av vilt svinger veldig og han må være sitt ansvar bevisst og tilpasse seg det.

FORBILDENE

I likhet med mange andre frilufts- og jaktinteresserte trekker Tommy frem Helge Ingstad som en inspirasjonskilde til å søke seg til naturen. Ingstad forlot en strålende karriere som jurist til fordel for et liv som fangstmann, eventyrer og oppdager. I 1931 kom ”Pelsjegerliv” ut, boka om Ingstads liv blant indianere i Canada. Mest kjent for omverdenen er Ingstad og kona Anne Stine for å ha avdekket norrøn bosetting på nordspissen av New Foundland og med det bevist at vikingene satte sine føtter i Den nye verden 450 år før Kristoffer Columbus. Ingstad var også i to perioder sysselmann på Svalbard. 

-Helge Ingstad var viktig i ungdomstida. Min gofa, min far og begge mine onklar på kvar side har vore viktige forbilder for meg opp gjennom åra. I forhold til utnytting/videreforedling av ressursene har bestemødrene mine vore viktige. No lar eg meg ikkje inspirera så lett lenger, det er for mykje fokus på utstyr og hjelpemidler etter min smak.

Når slo drømmen om å bli fangstmann inn i deg? 

-Draumen begynte tidlig. Men fram til eg var 25 år trudde eg på det folk sa om at fangst ikkje er noko det går an å leva av i dag.

HARMONI: Tommy er sjeldent å se lenge i go’stolen. Det er alltid gjøremål som venter.

REVEJEGEREN

Tommy felte sin første rødrev da han var 12 år gammel. Senere i livet jaktet han rødrev en hel vinter i fjellene rundt Sylane i Sør-Trøndelag. Mot litt lønn fra Naturvernforbundet. Hensikten var å sørge for at fjellreven lettere kunne etablere seg. I to-tre år mot slutten av 1990-tallet drev han som fangstmann og jeger på Hardangervidda og områdene rundt Røldal.

-Men med til dels lite småvilt, låge skinnprisar på rev og mår, fann eg ut det var vanskelig å ha utelukkande jakt, fangst og innlandsfiske som levebrød i dette området. Det måtte i så fall kombinerast med andre strøjobbar. Skulle eg prøvd igjen på fastlandet ville eg satsa meir på innlandsfiske og videreforedling av fisk

Tommy er utdannet innen utmarksforvaltning, utdannelsen tok han ved Høgskulen i Hedmark, avdeling Evenstad. Har denne teoretiske ballasten betydd noe for deg som jeger og fangstmann?

-Eg har hatt nytte av den utdanninga seinare, både då eg var i fjelloppsynet og feltjobbar for forskning og forvaltning på fastlandet. Her på Svalbard har den utdanninga hjelpe meg, både for å forstå kvifor miljøregelverket er som det er her oppe, men også når eg av og til jobbar for mine eigne interesser som fangstmann opp mot myndighetene.

I sesongene 2001 og 2006 var han fjelloppsyn på Hardangervidda. Hvilke erfaringer trakk du av det arbeidet?

-Kontrollfunksjonen kunne vera både og. Men stort sett var jobben i fjelloppsynet absolutt interessant. Likevel fant eg ut fangst som næring var den rette framtida for ein slik som meg. 

RUTINER: Alene og uten særlige bekvemmeligheter består hverdagen av rutiner fra morgen til kveld. Ingen vask uten våpen i nærheten.

EN VANLIG DAG PÅ JOBBEN

Tommy var først en sesong Woodfjorden/Mushamna 2003/4, så en sesong i Bellsund/Kapp Schollin 2007/8, tre sesonger Wijdefjorden/Austfjordnes 2008-2011. Frå 2011 Bellsund. Totalt 10 år. Du overtok fangstterrenget og hytta til Louis Nielsen i Bellsund i 2011. Hvordan foregikk det? 

Den korte versjonen er at Louis Nielsen ville gje seg, etter mange år som fangstmann. Han er vel den som etter mitt syn har gjort det best som fangstmann her oppe i nyare tid, og som har sett på fangst som ei næring. Han hadde i tillegg til eigne fangsthytter bygd opp ein større ærfuglkoloni dei siste 25 åra. Me var begge interesserte i at eg skulle overta. Dermed kjøpte eg og Elise hyttene og overtok hans fangstområde i Bellsund.

Boende alene på fangsthytte ute i ødemarken og uten særlige bekvemmeligheter består vel hverdagen av rutinemessige gjøremål fra morgen til kveld. 

Kan du beskrive en slik dag?

SELJAKT: Jakten på sel er en viktig del av matauken til en jeger og fangstmann på Svalbard. Absolutt alt tas vare på. Spekket brukes som kosttilskudd for Grønlandshundene. Lite sjøis de senere årene har gjort at han ikke har jaktet på ringsel.

-Det er vanskelig å beskriva ein typisk dag, fordi gjeremåla varierar sterkt med årstida og verforhold. Generelt gjeld det å utnytta periodar eller dagar med gunstige verforhold. Langt på veg er resultatet avhengig om du gjer det rette til rett tid. Ein vindstille dag i juni til dømes kan eg vera på sjøen i timevis, på jakt etter sel. Etterpå er det å ta vare på fangsten, ei viktig oppgåve som må gjerast med det same. Alt dette tek fort eit døgn. Då set eg behovet for mat og kvile til side. I periodar med for mykje vind/dårlig ver driv eg med anna arbeid, utanfor eller inni hytta. Rensing av edderdun, flåing/preparering av skinn, videreforedling av kjøtt/fisk, reparasjon og vedlikehold av hytter og utstyr, laging av revefeller, matlaging, stell av hundar, arbeid med ved osv. Alt dette er nødvendig arbeid som gjer at det ikkje er problem å fylla dagane. Og så slappar eg av og nyt stillheten når det passar, eg er min eigen herre og disponerar tida sjølv.

Du har drevet fangst som næring på Svalbard siden 2007. Hva slags tidsperspektiv har du på denne næringen og livet som fangstmann? 

-Det er vanskelig å spå framtida. Men her på Svalbard har fangst som ei næring legitimitet frå høgaste hold. Samtidig er høsting av naturressursene strengt regulert på Svalbard. Men med dagens regelverk, viltbestandar og marked for salgbare produkter er det fullt mulig å ha fangst som levebrød for eit fåtal her, både økologisk og økonomisk. Det er vel eg eit bevis på. Så lenge dette blir oppretthelde og me som driv dette yrket er seriøse trur eg fangst som næring har ei framtid her oppe. Sjølv veit eg ikkje kva tidsperspektiv eg har. Men så lenge fangstressursene og markedet held seg slik som no, og så lenge eg får fred i terrenget for den aukande turismen her oppe, vil eg halda på framover. Eg har det jo egentlig godt her oppe på mange måtar. Eg har ein god dialog med Sysselmannen og dei bistår av og til med nødvendig transport. Eg føler meg velkomen som fangstmann her oppe, og det betyr mykje.

UTNYTTER ALT VILT

I løpet av et fangstår, hva står på menyen og når? 

-Eg bakar grovbrød i vedkomfyren eit par gonger i veka. Til frukost og kvelds går det i brød eller havregraut. Som pålegg likar eg helst honning, det kan også lagrast i årevis. Men også anna sivilisert pålegg som ost og syltetøy. Haust og vinter står røykt reinstunge, røykt fisk eller steikte/kokte ærfuglegg ofte på frukostmenyen.

Ein kraftig frukost er viktig om du skal jobba lenge. Om eg har niste er det enten brødmat eller blodpølse av rein. Og ein liter te. Til middag er basisen som regel råstoffer av svalbardrein, sel, fisk (røye eller sjøfisk), sjøfugl, gås og svalbardrype. Ærfuglegga er også viktige for meg, dei held seg utover vinteren eit stykke. Kjøt av svalbardrein er favoritten og det kan varierast mykje. Det går i steikt og kokt kjøt med forskjellig tilbehør, middagspølse av rein, blodpølse, spagetti, karbonader osv. Spekekjøt av rein og risengrynsgraut går også an. Tilbehør varierar etter hva eg har på lager. Ferske grønsaker har eg i periodar. Ris og pasta overtek når eg ikkje har poteter. Eg lagar alltid middag når eg er i hus. Når du i periodar jobbar hardt går det mykje mat. I praksis blir det ofte å eta sjelden men mykje. 

Sist vi snakket sammen snakket du litt om det å ta vare på ressursene/bruke hele dyret du fanger/feller. Kan du utdype dette hva angår de ulike dyr du jakter på. Hva bruker du/dere de ulike deler til? 

-Eg meinar det å ta vare på heile ressursen bør vera eit viktig grunnprinsipp for alle oss som i dag driv med jakt og fangst. Sjølv prøvar eg å utnytta heile ressursen. På ein rein utnyttar eg nesten alt. Kjøt, blod, hjerte, lever, tunge blir til mat. Resten fordelar eg på hundane. Reinen her oppe er svært feit om hausten. 

Eg lagar middagspølser kvar haust og då får eg utnytta mykje av feittet. Det feittet som då er igjen sparer eg og gjev hundane når det blir kaldt utover vinteren. Dei store beina kokar eg kraft på. Hovudet kan også etast, det beste er å svi det på glørne av eit bål. Ressursen varer lenger når du utnyttar alt. Dessuten er blod og innmat minst like godt som sjølve kjøtet etter min smak. På ei rjupe utnyttar eg også alt. Sjølv et eg bryst, lår og hjertet. Kokar eg suppe eller kraft går heile rjupa med. Unntatt innvollar, skinn og fjør, det brukar eg som åte i revefellene.

REINSJAKT: Tommy har en kvote på 25 reinsdyr, hvorav 20 kan selges.

FLEKSI-FANGSTMANN

Tommys samboer, Elise Strømseng, som selv har drevet mye med jakt og fiske i hjemkommunen Bardu, har det administrative ansvaret for Svalbard Fangst. Selskapet selger edderdun, fjellrevskinn og reinsdyrkjøtt. Kobbekjøtt selges utelukkende til innbyggerne på Svalbard. Elise og datteren Anne Maria bor i Longyearbyen, men har vært sammen med Tommy i terrenget ved en rekke anledninger; vinteren 2012/13 var de på besøk i nesten 4 måneder og til sommeren er det tredje sommersesongen hvor de to er med for å sanke edderdun. 

Hvilke tanker gjør du rundt ditt liv som fangst- og familiemann. Hvordan makter du å kombinere et slikt liv med samboer i Longyearbyen og du ute i terrenget? 

-Eit vanskelig spørsmål. I utgangspunktet er vel ikkje eit liv som fangstmann og familiemann forenlig. Men mitt fangstområde i Bellsund er såpass tilgjengelig at det har gått bra så langt. Det er slik det må vera, eg er ute i terrenget i lange periodar, alt frå nokre veker til månader. Elise og jentungen er i Longyearbyen med jobb og barnehage og anna. Så kjem eg inn til dei i byen i ny og ne. Eller dei kjem ut i terrenget når det let seg gjera. Savnet er jo der men slik er det. Elise er svært fleksibel og sjølvstendig og ordnar opp i det meste. Ho er også veldig engasjert i fangsten bla i forbindelse med salg av produkter, økonomi og administrasjon. Ho taklar både sivilisasjon og ødemark. 

Hvor mye av det du fanger/feller selger du? 

-Så lenge kvaliteten er god og eg ikkje treng det til eige bruk, sel eg mest mulig av fangsten. Av ein årlig kvote på 25 reinsdyr har eg tillatelse til å selga 20 dyr. Bestanden av svalbardrein er stor i mitt fangstterreng og eg jobbar no for ein viss auke av denne kvoten. Etterspørselen etter både viltskinn og lokalt viltkjøt/videreforedla produkt er aukande. Edderdun har eg hittil selgt vidare til utlandet. No er det planen å bruka meir edderdun sjølv, til produksjon av edderdunsdyner som kan selgast lokalt her på Svalbard. 

Etter at dere fikk Anna Marie, endret det din holdning til det å være jeger og fangstmann? 

-Egentlig ikkje. Men etter eg vart far er eg blitt meir oppteken av sikkerhet og trygghet. Eg ser framleis på fangsten som mitt yrke og min måte å forsørga familien på, også i framtida. Jentungen vår som no er 4 år seier ho gledar seg veldig til å bli med på dunsanking i sommar. Eg veit ho meinar det, og det betyr mykje for meg.

FISKE: Mye kjøtt og fisk tørkes og røykes.

KLIMAENDRINGER

Samboeren din Elise er  utdannet biolog og jobber som rådgiver i studieavdelingen på Universitetssenteret på Svalbard. Diskuterer dere klimaendringer og menneskeskapte utfordringer på Svalbard? 

-Ja det gjer me stadig. Om ikkje kvar dag så er ikkje det langt frå. Alt er lett synlig her på Svalbard og veret/ klimaet og føreforholda kjem tett på deg, enten du bur i Longyearbyen eller ute i terrenget. Me er heller ikkje ukritiske til den auka turismen og ferdselen på Svalbard. 

Ved siden av forskere er det få andre personer på Svalbard som har en slik føling med endringer i natur og dyrebiotoper som Tommy Sandal. Har du merket endringer i klimaforandringer i denne sårbare naturen, og vil disse få innvirkning på din virksomhet og ditt liv?  

-Klimaet har utvilsomt blitt stadig mildare på Svalbard dei siste åra. I utgangspunktet er eg forsiktig med å meina noko bestemt i forhold til kva effekt eit varmare klima vil bety for naturen her oppe. Dette er komplekse spørsmål som eg tenkjer på kvar dag. Av jaktbare artar er det helst ringselen eg er oppteken av. Milde vintrar betyr lite sjøis. Hvis sjøisen i tillegg er slett, utan snø og oppskrudd is blir det vanskelig for ringselen å gøyma ungane sine. Ungane blir då eit lettare bytte enn tidligare for dei vanlege fiendane som isbjørn, fjellrev og polarmåke. 

Men dei er også utsette for folk som ikkje tek hensyn. Turismen og ferdselen aukar stadig her oppe og så lenge det er lov å ferdast på sjøisen vil dette føra til auka forstyrring av sel og bjørn. Dei siste åra med lite sjøis har eg ikkje jakta på ringselen, eg meinar den bør skjermast for både jakt og forstyrring i slike år. Av dei andre artane eg driv jakt og fangst på har eg ikkje merka nokon nedgang eller endring i bestandane så langt. Det foregår også forskning på dette feltet her oppe. 

Som fangstmann er eg oppteken av å hausta av eit overskot i naturen, at min aktivitet ikkje fører til ein nedgong eller negativ endring i bestandane. Ser eg det er mykje ryper ein sesong, aukar eg innsatsen og uttaket mitt. I eit år med lite rev sparer eg revene. Slik er det i naturen, bestandane av vilt svingar veldig og eg må vera mitt ansvar bevisst og tilpassa meg det.

Elles har stadig mindre sjøis ført til at eg vanskelig får utnytta heile fangstterrenget mitt om vinteren. Og hovedstasjonen min som ligg på ei øy får eg stort sett ikkje brukt lenger i vinterhalvåret pga mangel på sjøis. Eg held då til i ei anna mindre hytte.

ET HUNDELIV: Tommy på fjorden med sine kjære følgesvenner og arbeidskamerater. Dessverre døde hans bestekamerat i ødemarka, Rusk, for en tid tilbake. -Han var med meg overalt og eg saknar denne hunden. Denne vinteren er Tommys mål å få fram en ny grønlandshund som kan overta etter Rusk - både som venn, isbjørnvakt og brukshund.

ET HUNDELIV

Samboerparet disponerer til sammen seks Alaskan huskyer som brukes som sledehunder. Om sommeren bærer de kløv i terrenget. I tillegg har paret nå en grønlandshund – “bjørnehund” – under opplæring for å kunne varsle Tommy om isbjørnfare.

-I løpet av mine år her oppe har eg hatt ei varierende antal polarhundar. Eg har tilpassa antalet i forhold til hva område eg har dreve fangst. Pga stedvis bratt terreng og stadig meir mangel på farbar sjøis er framkommeligheten med hundespann ofte vanskelig. 

Eit stort hundespann på 6-8 hundar krever mykje mat og mosjon, og særlig om hausten kan dette gå på bekostning av sjølve fangsten. Prinsippet mitt no er å ha 1-2 gode hundar med meg ute i terrenget. Det krever ein del å få til ein allsidig hund til mitt bruk. Den skal den vera rolig med godt gemytt og ha god nok psyke til å takla isbjørn. Dvs varsla meg sikkert når ein bjørn nærmar seg. 

Og så må den vera i stand til å jaga bjørnen om nødvendig, utan sjølv å bli skada. Det er også ein nødvendighet at den er hardfør og glupsk på tilgjengelig mat, særlig selkjøt og spekk. Elles må den jo vera arbeidsvillig dvs dra ein tung pulk og bera ei kløv på ca 15 kg eller meir. Mange hundar kan fort bli skotredde, så det gjeld å vera omtenksom til å begynna med. 

Hittil har eg hatt særlig ein god grønlandshund - Rusk. Han lever ikkje lenger men betydde veldig mykje for meg både som brukshund og kamerat. Han var med meg overalt og eg saknar denne hunden. 

No denne vinteren er målet å få fram ein ny grønlandshund som kan overta etter han. Elles har Elise eit spann av huskyar inne i Longyearbyen som me av og til har med ute i terrenget.

GARVER SKINN: Når det er finvær tar Tommy dagene i bruk til uteaktiviteter som garving og preparering av skinn.

NYTTIG REDSKAP 

Mens andre jegere er fiksert på våpen, kalibre, kikkertsikter og alle slags dupeditter, utviser Tommy ingen stor interesse av slikt. For han er det verktøy, men det der avgjørende at ”verktøyet” fungerer under de ekstreme forholdene han opererer i. 

-Eg er nøye med at våpenet til ei kvar er vedlikehelde og nøye innskote. Eg opererar i eit kystklima så alt rustar, særlig om sommaren. Difor held eg no på med å skifta ut ein del våpen til rustfrie. Når det gjeld streng kulde har eg opplevd at riflepatroner klikkar. Treghet i tennstempelet/tennstempelfjæra pga smuss og olje har vore årsaka i mine tilfeller. Desse delene må vera heilt reine og tørrpussa. Får eg klikk i streng kulde er trikset å ta nytt avtrekk og anslag på same patron, ikkje ei ny patron.

Mine våpen er ikkje spesielt dyre, alminnelige bruksvåpen. Dei viktigaste er ei remington rifle cal 30.06, remington hagle cal 12, brno salongrifle 22 lr og ein ruger revolver cal 44 mag, reservevåpen i tilfelle bjørn.    

Er du mye på sjøen og jakter?

-Ja, i sommarhalvåret blir det jo ein del seljakt, helst etter storkobbe. Og så litt sjøfugljakt om hausten. 

Elles er eg heilt avhengig av båt i forbindelse med transport og for å koma seg ut i terrenget i forbindelse med alt som har med fangsten å gjera. Ofte blir det vindfullt og røff sjø. Eg har gjort mine erfaringar og har stor respekt for havet her oppe.

Veret skiftar utruleg fort på sjøen her og eg er nok meir forsiktig no enn før. 

Det har også samanheng med at eg no har ein liten familie inne i Longyearbyen. Den største båten min er på sjøen frå mai til uti november. 

Elles hender det eg brukar ein mindre båt for å koma meg over kortare strekningar tidlig på vinteren, i forbindelse med revefangst.

OM DET Å VÆRE ENSOM

Helge Ingstad fikk spørsmål om han noensinne følte seg ensom under sitt fire år lange eventyr i den kanadiske villmarken. Han svarte resolutt “Aldri! En villmark er så krevende at det aldri blir tid til å kjede seg.” Trives du best alene der ute?  

-Eg likar absolutt å ha familie eller ein venn med meg i periodar, det er svært koselig og ikkje minst god hjelp. Dette er mest aktuelt i dunsankinga og i reinsjakta. Samtidig er eg åleine i lange periodar og trives med det. Som jeger kan det også ha sine fordeler å vera åleine.

Har du noen kontakt med andre fangstmenn på Svalbard?  

“For min del er ensomheten verst rett etter eg har forlete sivilisasjonen og familie eller hatt besøk av nokon. Etterpå glir det over og eg føler meg vel.”

-Pga regelverk og den begrensa tilgongen til eit fangstterreng/hytter er det til ei kvar tid berre 1-5 fangstfolk her oppe. Fangstfolk er ofte utprega individualistar som ikkje nødvendigvis har altfor mykje omgong/kontakt med kvarandre. For øyeblikket er det berre 2 andre aktive fangstfolk her oppe. Dei har eg ein del kontakt med.

Får du ofte spørsmål fra andre jegere/eventyrlystne som vil overvintre hos deg?

-Ja, det hender. Oftast er det folk som har planar om å låna Statens hytte på Austfjordneset som vil ha råd om diverse. 

Hvordan overlever man mentalt alene på en fangsthytte gjennom vinteren. Tenker du noensinne at “nok er nok”?

-Av og til når det buttar i mot kan eg nok tenkja det. Men det trur eg dei fleste gjer, uansett hva dei held på med eller kor dei er. Ensomheten er der sjølvsagt når du er åleine. Men eg har alltid følt meg trygg og sjølvsikker når eg er åleine. For min del er ensomheten verst rett etter eg har forlete sivilisasjon/familie eller hatt besøk av nokon. Etterpå glir det over og eg føler meg vel.