Gudommelig jakt

Veien fra Paradis til Himmelriket ble kort for de tre hjortene som bestemte seg for at kirkegården i Sande på Vestlandet var en ypperlig beiteplass nattestid. Hjortene forsynte seg grådig av pyntekranser og romsterte fælt på kirkegården. Lite visste de at soknepresten er en særdeles ihuga hjortejeger.

Sist oppdatert 27. september 2022 kl 09.50
SOKNEPREST: Frode Skeide slik de fleste i Gaular møter han i kirken.
SOKNEPREST: Frode Skeide slik de fleste i Gaular møter han i kirken.

Frå tid til anna har me hatt hjort inne på kyrkjegarden utan at det har vore noko større problem.  Men plutseleg vart det eit stort problem.  Eit viltkamera på utsida av kyrkjegarden avslørte at to koller og ein kalv med eitt hadde blitt dei flittigaste kyrkjegjengarane i Gaular. Natt etter natt. Kyrkjegarden såg rett og slett uverdig ut. Lyngplanter og mosekransar lått strødde utover og det måtte ryddast framføre arrangement. Vi fikk forståeleg nok mange klager frå folk som steller gravene til sine.  Sidan vi såg at det var dei same dyra som kom att heile tida, vart det søkt om fellingløyve.  Eitt dyr vart jaga ut frå kyrkjegarden og felt på jordet ved sidan av. Kalven vart påkøyrd medan det siste truleg vart felt i jakta seinare. I alle fall, det var ikkje eitt bilete på viltkamera dei tre neste vekene, og då tok eg det ned, sier soknepresten.

HJORTEJEGER: : Frode Skeide slik han elsker å tilbringe fritiden sin, på hjortejakt med sin kjære Engelsk Springer Spaniel.
HJORTEJEGER: : Frode Skeide slik han elsker å tilbringe fritiden sin, på hjortejakt med sin kjære Engelsk Springer Spaniel.

Bor i et postkort

Soknepresten har alltid jakta, hvert år legger han ned 4-6 hjort i tillegg til de han feller under ettersøk.

–Eg var med far min frå eg kunne gå. Så fort Frode var gammel nok begynte han selv å bære våpen, som han riktignok fikk låne. En gammel Mauser med hakekors og greier. Ombygd med ny stokk. Med dette våpenet felte han sin første hjort.

Siden fortsatte han å jakte, med unntak av under en hektisk studietid. I 1998 ble han ordinert prest og turen gikk nordover til Vesterålen. Der ble han i fem år. I 2003 vendte han hjem til Gaular, som han ikke kan få lovprist nok.

-Me bur i eit postkort!  Naturen er min måte å lade «batteria» på.  Den sosiale sida ved jakt er også viktig for meg.  Kjekt å møtast for ein rast og ein kaffikopp ute i skogen. Soknepresten er mer enn overmåte interessert i jakt. Han karakteriserer hobbyen nærmest som en “sykdom”. Hva er det som fenger slikt ved jakt?

-Det handlar om spenninga over å overliste eit fantastisk flott og forsiktig dyr i kombinasjon med flotte naturopplevingar.  Når eg jaktar eller går ettersøk handlar alt om det!  Det er godt å få nokre slike pusterom i ein hektisk kvardag.

Positive reaksjoner

Frode er ikkje alene om å bære kjortel og krave og høste av det naturen måtte gi. Men selv i Gaular, der hjortejakt har århundrelange tradisjoner vakte det i sin tid oppsikt at soknepresten var en så ivrig jeger.

-I byrjinga var det noko litt nytt i Gaular at presten er på jakt.  Men eg opplever det berre positivt.  

Har jaktinteressen din ført til at andre jegere er litt flittigere kirkegjengere?  

-Nei, det trur eg ikkje det har.  Men det har ikkje virka motsett heller…

Du er ikke alene i presteyrket å ha jakt som hobby. Kjenner du andre prester som jakter?  

-Ja, det gjer eg.  Men det er ikkje så mange av oss i distriktet eg arbeider i, sjølv om me bur midt i nokre av dei finaste hjorteterrenga i landet.

SNIKJAKT MED HUND: Nydelig bukk felt etter snikjakt med hund i favoritterrenget Frivika.
SNIKJAKT MED HUND: Nydelig bukk felt etter snikjakt med hund i favoritterrenget Frivika.

Snikjakt med hund

Frode har sin egen gard på Vangsnes i Sogn, men på grunn av avstanden er det ikke så ofte han får jaktet der. Til sammen har jaktlaget på dette storvaldet fellingsløyve på åtte dyr.

-I tillegg  jaktar eg på eit ganske stort og fantastisk terreng i Frivika ved Sognefjorden.  Nokre av dei beste jaktopplevingane mine har eg hatt i det terrenget.  Eg veit ikkje kor stort det er, men nokre tusen mål er det nok.  Det brukar å vere 14-16 løyver hos denne grunneigaren.

I Frivika praktiserer Frode den jaktformen han setter aller høyest: Snikjakt med hund. Her beskriver Frode en slik jaktdag:

-Nokre gonger, rett etter at det lysnar om morgonen stig ofte trekken frå fjorden og opp lia.  Då er det fint å gå opp i lia og så slå seg på langs av denne.  Då får hunden godlukta i nasen nedanfrå.  Så handlar det om å late hunden lede seg inn mot hjorten.  Det var utruleg spanande å nærme seg denne bukken.  Eg såg den ikkje før me var om lag 50 meter frå den.  Men skjøna på hunden at me var heilt nære.  Difor stoppa eg opp i håp om at hjorten skulle bevege seg og røpe seg.  Det hadde eg opplevd nokre dagar før.  Sat i 40 minutt og venta på at ei fjorkolle skulle beite seg mot meg i skogen før eg skaut, med ein skjelvande hund ved sida av meg.  Men denne gongen skjedde det ikkje noko, endå eg vanta lenge.  Så gjekk eg forsiktig nokre skritt vidare… - og då såg eg den liggje nedanfor meg.  Han låg tilsynelatande og sov litt.  Eg tok av meg sekken, sette hunden fast i den og åla med ned mot ein liten kant rett nedanfor meg.  Vi var så nær at eg bevega meg berre når det kom vindkast.  Bukken låg litt vanskeleg til, så eg låg og såg på den og sikta i nesten 20 minutt.  Etter kvart ana den nok at det var noko på gang, for den såg på meg eit par gonger før den til slutt reiste seg med heile breisida til.  Smellen kom før han fekk teke eit einaste skritt.  Ei stor oppleving, sier Frode og legger til:  -Dette er den optimale jaktforma for meg!

Hjelpelaus utan hund

Ettersom snikjakt med hund ligger ditt hjerte nærmest, regner jeg med at du rår over egen hund.

-Ja, eg kjenner meg hjelpelaus om eg skulle jakte utan hund.  Eg brukar Engelsk Springer Spaniel av di den har stor arbeidslyst, den er lett å få til å halde seg roleg i møte med hjort, og den er ein framifrå godlynt familiehund.  Men eg brukar mykje tid på å trene den!  I bratte vestlandslier likar eg at hunden går utan band rett bak meg når eg jaktar.  Då kjem den fram på sida mi og markerer at den har noko i interessant i nasa.  Den må også tåle at eg set den fast i sekken og går frå den for å snike meg inn på ein hjort me har oppdaga.  Det krev trening, men trene kan ein gjere også utanom jaktsesongen.  Hunderasen er aktiv og treng mykje aktivitet og bruk.

SOKNEPREST: 46-åringen foran Sande kirke i Gaular etter fem år som prest i Vesterålen.
SOKNEPREST: 46-åringen foran Sande kirke i Gaular etter fem år som prest i Vesterålen.

Ingen trofejeger

-Lokkejakt i brunsttida er også særdeles spanande.  Men eg er ingen trofé jeger.  Altfor mange store bukkar blir skote alt for tidleg, av frykt for at naboen skyt den.  Eg har late fleire store bukkar gå enn dei eg har skote.  Det same gjeld forresten for store koller, dei er minst like viktig for å få ei god og sunn hjortestamme.  Ser ein fleire dyr av same type ein er ute etter er det ein god regel å skyte den minste – det lønar seg på sikt.

Eg likar minst drivjakt, for å skyte på dyr som spring gjer eg ikkje!  Om eg ikkje får stoppa dei, så får dei springe!  Sjansane for å skadestyte er langt større når dyret er i rørsle.

Bøjakt, eller «tøffeljakt» som me kallar det, er eg slutta med.  Det er ikkje spanande, men  berre arbeid.  Kunne like godt skote ein sau.

-Ja, det var dette med terrenget du spurte om….  , det siste terrenget leiger eg i Gaular her eg bur.  Eg leiger saman med to gode kompisar og me har jakta der i over 10 år.  Det er ikkje så stort, men det er like fullt eit fantastisk terreng av di det både står og trekkjer svært mykje dyr gjennom.  I dette terrenget har me hatt 7-10 løyver kvart år.

Spøkefugl

Frode Skeide er langtfra noen mørkemann, noe hans sambygdinger kan skrive under på. Et oppslag i lokalavisa redegjør for hvordan soknepresten og en jaktkamerat stoppet ut en trafikkpåkjørt hjort og la denne ut i terrenget. En av jaktkompisene frå nabovaldet observerte hjorten og var sikker på at han hadde fått skutt seg et pent dyr inntil han ved nærmere øyensyn skjønte at Frode & Co. hadde vært på ferde.

-Me prøver å ha ein god tone med nabovaldet, og ein praktisk spøk skjer med god tone.  Den eine gongen er det vi, neste gong er det dei som har funne på noko for å få oss til å dumme oss ut litt.  Dette skjerpar oss berre ekstra…

ETTERSØK: Soknepresten feller i snitt 4-6 dyr hvert år samt noen til under ettersøksarbeid for jegere og kommunen.
ETTERSØK: Soknepresten feller i snitt 4-6 dyr hvert år samt noen til under ettersøksarbeid for jegere og kommunen.

Sporhund

Frode Skeide er med i den svært aktive og gode ettersøksgruppen, Gaular Sporhundgruppe, som går søk både for kommunen og for jegere. Frode snakker seg varm om betydningen av ettersøk og jaktetikk. 

-Det er ikkje til å komme frå at av og til blir ikkje jakta slik ein ønskjer, og ein skadeskyt.  Då er det viktig at ein gjer det ein kan for at dyret ikkje skal lide unødig lenge.  

-I tillegg skjer det mange påkjørsler hos oss sidan Gaular ligg ved E-39 og vi har ein stor hjortebestand.  Desse dyra kan leve lenge med til dømes ein knekt fot eller to om vi ikkje sporar dei opp og gjer slutt på lidingane deira

 For Frode gir ettersøk også betydelig grad av utfordringer og mye av spenningen som finnes under jakt.

-Når så gale har skjedd er arbeidet med å spore opp eit såra dyr minst like interessant som jakt for min del.  Det er kjekt å sjå når treninga gir resultat.  Ikkje minst er det kjekt å finne att dyr for uheldige jegerar.  

Ofte ligg jo dyret daudt ikkje langt frå der det vart påskote, nokre gonger så nært at det knapt kan kallast eit ettersøk.  Men det er god trening for hunden likevel.  Eg skulle ønskje at terskelen for å ringe etter hund vart lågare.  Har ein skote på eit dyr skal det reknast som påskote til det motsette er bevist.  Det gjer ein tryggast med hund.  Det er slett ikkje alltid det er så mykje synlege spor å gå etter.  Og så mykje betre nattesøvn ein får når ein veit at alt er gjort etter boka!

Ved siden av ettersøksarbeidet driver soknepresten også med guiding av utenbygdsjegere.

-Hjortejakt er vanskeleg, og særskilt i nytt og ukjent terreng.  Sjansane for å få hjort på post er langt høgare om ein får litt hjelp frå lokalkjente jegerar. 

Apostelgjerningene

Soknepresten driver også med aktivt ungdomsarbeid i Gaular. Sammen med sin gode jakkompis Svein startet han en friluftsgruppe for ungdommer for 10 år siden.

-Vi såg at det var ein del ungar som ikkje var interessert i fotball eller sport.  Friluftsgruppa heiter Praksis (etter Apostelgjerningane på gresk) og er ei gruppe for born i alderstrinnet 4. til 8. klasse.  Dei må slutte når dei når konfirmasjonsalder.  Då kan dei få fortsette som ungdomsleiarar i staden.  Vi har sett eit tak på 15 medlemar sidan det er vanskeleg å reise på tur med ei større gruppe.

I friluftsgruppa har vi eit ord for kvelden knytt til Bibelen og ofte den aktiviteten vi held på med.  Borna lærer om å pakke sekken rett, om å kle seg for tur, om førstehjelp i felt, om å tenne bål på ein trygg måte, om kart og kompass og meir.  Vi brukar å overnatte ute under open himmel kvar vår og kvar haust.

Om hausten har vi også teke med oss gruppa ut på jakt.  Det er omtrent som å gå på hjortejakt med hornorkester, men vi har faktisk skote hjort to gonger med fullt av ungar på post.  Vi spenner opp eit par fjelldukar og ber ungane sette seg bak desse og vere heilt, heilt stille.  Kolla på bilete kom åleine, beitande gjennom skogen berre få minutt etter at vi hadde sett oss ned!

Hva bør man gjøre for å få flere unge mennesker interessert i jakt?

Gje dei tilgang på terreng!  Det er blitt kostbart å leige hjortejakt mange stader, og ungdom flest har rett og slett ikkje råd!....

APOSTELGJERNINGENE: For 10 år siden startet soknepresten og jaktkompisen Svein en friluftsgruppe for barn.
APOSTELGJERNINGENE: For 10 år siden startet soknepresten og jaktkompisen Svein en friluftsgruppe for barn.

Som far så sønn

Gjøres det noe spesielt i din kommune for å få flere kvinner ut på jakt?

Eg veit at nokre få grunneigarar prøver å få i stand jaktutleige og opplæringsjakt for kvinner, men eg er usikker om det er kome i gang.  Heldigvis ser eg at det blir fleire og fleire kvinnelege jegerar.

-Jakter kona di?

-Nei, men interessa for friluftsliv og natur deler me likevel og er mykje på tur i lag.

Hjortejakta i Gaular har sterke tradisjoner og gjerningen går som regel fra far til son. Så også med Frodes sønn Gjermund. Han er etterhvert blitt en ivrig jeger.

-Ja, som far så son!  Han var med på jakt frå han var heilt liten, og så snart han var gamal nok tok han jegerprøve og fekk vere med å jakte.  Han skaut første hjorten sin som 16-åring.  Snakka forresten med han for nokre dagar sidan.  Då hadde han skote villsvin i Sverige.

Frode Skeide, (46)

Sokneprest i Gaular, der over 90 prosent av de 3000 innbyggerne er medlem i Den norske Kirke.

Gift med Eline

Barn:  Gjermund (19), Jenny (17) og Emma (14).

Våpen: Tikka T3 30-06 med Zeiss Diavari V1,5-6x42.

Skyter blyfritt, glad i Lapua Naturalis.

Publisert 1. april 2016 kl 12.00
Sist oppdatert 27. september 2022 kl 09.50
annonse
Relaterte artikler
annonse

Jeger utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Atle Rønning
Annonser: Kjetil Sagen